Lyderia-grafikk med klistremerke "Nedlagt"

Lyderia – leik med lyd

Lyderia blei lagt ned sommaren 2022.

Lyderia var eit gratis musikkspel, brukt av over 30 000 elevar og lærarar i grunnskulen, som blei lagd ned sommaren 2022.

Lyderia presenterte spelarane for oppdrag som måtte løysast med kreativitet og eigeninnsats. Etter kvart som du løyste oppdrag fekk du tilgang på nye brett og vanskelegare utfordringar.

På premissane til barna

Lyderia var ein arena der barn og unge kunne leike seg til læring, på ein engasjerande måte. Målet var at barna skulle auke interessa for, og aktiviteten med, musikk.

Lagt til rette for skulebruk

Pensum i musikkfaget låg til grunn for alle oppdrag og utfordringar barna møtte i Lyderia. Det blei òg tilbode ein eigen lærarfunksjon der lærarar kunne gi spesifikke oppdrag til elevane, anten i heimelekse eller til speling i skuletimen. Lærarane kunne så følgje opp leveransane og framdrifta til elevane.

Musikk i skulen

Vi håpar mange har hatt nytte og glede av Lyderia i dei åra løysinga har vore i drift. Dersom du søkjer liknande innhald, kan Kulturtanken på det varmaste tilrå ressursane Musikk i skulen har tilgjengeleggjort for skulebruk.